torsdag 29. mai 2008

Knotten er komt i hagen, jakta kan starte!


No er knotten og myggen komt i hagen, jakta kan starte.

Vi kjøpte knottfella Midg - it i fjor, den fanga mange knott i hagen og trivselsen i vår hage auka.

Dersom du er interessert i å lese om knott/myggfella, gå inn på : http://www.midgeater.no/index.htm

Her er eit bilde av ei slik felle som vi har i hagen.
Om sviknotten på Wiki : http://no.wikipedia.org/wiki/Sviknott

søndag 18. mai 2008

jazzfm.com for deg som likar å høyre på jazz!

Dersom du likar å høyre på, og halde deg orientert om det som hender på noko av jazzfronten kan du gå til denne sida http://www.jazzfm.com/default.asp:
Flott å høyre på litt cool jazz etter ei hektisk 17 mai helg?

1001 Album du må høre....


Har for litt sidan kjøpt boka 1001 Album du må høre før du dør. Oppslagsboka inneheld eit utvalg av dei siste femti års beste og mest betydningsfulle album (iflg.forfattarane) - frå 1950 talets rock and roll til 2000 talets teknologiske nyvinninger. Interessant bok dog utan noko særleg mange norske album. Men, for all del ei hendig oppslagsbok for alle som er interessert i musikk.
Dersom du i tilegg er interessert i å høyre på musikken som er omtala i denne oppslagsboka, bruk denne linken : http://www.radio3net.ro/1001/?cx=home

fredag 9. mai 2008

Ta ein tur på hagesentrene i Førde no!

Hagesentra i Førde har godt utvalg av plantar akkurat no, noko for ein kvar smak og gode råd får ein med på kjøpet.
Eg vil spesiellt framheve dei små hagesentra med sin gode kunnskap og sine gode råd, eg vil då nevne Falkenstein hagesenter på Øyrane og Hagemiljø ved Domus. Obs! prisen er ofte like låg hos desse som hos dei store.
Sjekk ut kva dei har, spør om råd, det dei ikkje har på lager av plantar skaffar dei deg.
Kjekt berre å ta turen innom for å sjå.
Utsalget på Mo jordbruksskule pleier og å vere verdt eit besøk.

No e det kjekt å bu i Førde! Tidleg vår.

Flott ver, sol og høg ute temperatur, opp i rundt 20 grader, kjekt å vere i hagen å rydde etter vinteren.
Det e tidleg enno so ein held litt igjen når det gjeld nyplanting, men i går måtte vi slå graset i hagen, det er vel bortimot rekord.
Beskjering er vi ferdig med, bortsett frå litt på roser.
I dag må eg legge opp litt ved som eg har kappa, kjekt arbeid tykkjer eg, etterpå må eg fjerne litt ugras hist og pist.
Huset bør vel og få seg ein utvendig vask ein av dei næraste dagane.
Men ein må setje av litt tid til berre å nyte det herlege vår veret vi har fått.
Eg ønskar meg slett ikkje til syden når vi har det slik som no.
Vi var så heldig å verte invitert til Disney forestilling på Halbrend skule i går. Vår yngste dotter går der i fjerde klasse.
Forestillinga var berre heilt fantastisk, det er utruleg kva elevar og lærerar får til, det var eit artig foreldre innslag og.
Ha ei god helg alle saman.

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography
Visit the All Southern Rock website!
Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Get Windows Media Player! Get Real Player! Get Winamp!

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

Powered By Blogger

last-fm musikk på din pc