lørdag 29. mars 2008

Fotball på tv i helga.





Arsenal har slete ein del i det siste, håper vi som likar gunners får sjå ein god kamp i dag, vi skal møte Bolton kl 16:00. Det bør sjølvsagt verte siger.


Ellers ser eg fram til seriestarten i Norsk topp fotball i dag. Brann tek vel sigeren på heimebane mot FFK søndag kl 20:00






Obs! både Arsenal og Brann sin kamp vert sendt på tv. (sjå tv info til høgre på bloggen.)

lørdag 15. mars 2008

Laurdag og snart påske,Arsenal på tv og fint ver.

No er det laurdag, det har vore ein fin dag her i Førde med sol og påskestemning, mykje folk i sentrum.
Ventar berre på kampstart på Emirates, kl 18.15, Arsenal skal møte Middlesbrough det bør verte lett match.
Kampen kan sjåast på Canal+sp.1
Ha ei god helg alle saman anten du er på fjellet eller oppheld deg i låglandet.

fredag 14. mars 2008

Sørstatsrock kan anbefalast.

Sørstatsrock kan du spele av på din eigen pc frå denne sida, den er kjempegod. http://allsouthernrock.com/

søndag 9. mars 2008

Fotball

Eg likar godt å sjå ein god fotball kamp. Mine favoritt lag er Arsenal i Premier League. Brann i tippeligaen og sjølvsagt Førde IL i den heimlege 3 divisjonen.
Om ca. 10 minutters tid vert det å plassere seg i godstolen for å sjå Wigan - Arsenal direkte frå JJB Stadium.

Musikk direkte på din pc.

På min blogg ligg det no nokre gode linkar til musikk som du kan høyre på via din pc.
last-fm: alle slags musikk sjangarar, fin måte å lære å kjenne ny musikk, du kan få nye vener mm.
Asr: All Southern Rock bli kjend med god sørstatsrock du og.
Planet Rock: Engelsk stasjon, mykje god rock og blues, mykje informasjon.

Musikk

Eg er nærast alltetande når det gjeld musikk, men det vert mest rock i ymse former eg lyttar til.
Vil skrive ein del om musikken eg likar her i bloggen.

Hei! Og velkommen til mi eiga leikegrind.

Her vert det plass til litt fornuft får eg håpe. Men det vert nok ein del tylskap og.
Det vert mykje rart som kjem til å verte omtala her i bloggen.
Men heimstaden min, den vesle byen Førde i Sunnfjord vil nok få ein del plass her trass i sine påtakelege vaksesmerter.
Eg er blitt glad i Førde og områda kring Førde og eg håpar eg kan belyse ein del positive sider ved denne travle staden. Tek nok opp og pirkar i det negative og.
Vi har eit oppegåande og veksande næringsliv, håpar næringslivet kan verte litt meir variert enn det no er.
Vi har fin natur og vi har ein frodig kultur.
Ta gjerne turen til Førde du og, sjå kva denne staden har og tilby.
Synest heile Sogn og fjordane bør få fleire innbyggjarar og mange fleire besøkjande og.

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

last-fm musikk på din pc