torsdag 31. desember 2009

Godt nytt år! til alle som er innom bloggen min. Perfekt nyttårsver, klart, fullmåne og snø her i Førde.

søndag 27. desember 2009

Vi har hatt kvit jul i Sunnfjord, Hurra!

Vi har hatt kvit jul i sunnfjord, og nå 3 dags jul snør det som berre det. Natt til i dag er komt ca. 10 cm snø.
Gler meg no til fotball frå england, i dag Arsenal på heimebane mot Aston Villa, trur på på siger, Arsenal er i form og vi har fordel av heimebane.

torsdag 22. oktober 2009

Little Feat, eit av mine favorittband gjennom mange år!


Vil slå eit slag for det amerikanske rockebandet Little Feat, eit av mine absolutte favoritt band gjennom alle år.


Har sett dei Live eit par gongar i norge, første gong på jazzfestivalen i Molde og andre gong Rockefeller i Oslo. Ei flott musikk oppleving begge gongar. Dei spelar ei "salig blanding" av mange retningar innan musikk. BØR HØYRAST!






Håpar desse linkane kan vere til nytte dersom dere vil lære dette fantastiske bandet betre å kjenne. God fornøyelse!

fredag 18. september 2009

Hugs mimrekonsert med Smokie i helga i Førde!


Hugs "mimrekonserten" med smokie i helga på Rica Sunnfjord Hotell. Konsert fredag og laurdag. Veit at konserten på laurdag er utseld. Kansje det er nokre bilettar igjen til konserten no i kveld, løp å kjøp. Esensiell musikk mimring for oss "yngre vaksne"

Smokie på wiki, trykk her, "festmusikk" på lokalet då vi var unge.

Smokie på youtube, her

Smokie fanclub finn du her

Last ned GRATIS!

Last ned pogopops siste album gratis! Det er heilt sant! HER !

Last ned det siste pop albumet til pogopops i dag Gratis, men du kan få mykje meir god kvalitets pop dersom du velger å betale nokre få kroner ekstra. Albumet heiter WHERE THE ACTION IS
Om pogopops på wiki trykk her
pogopops på Myspace, trykk her
pogopops på Facebook, trykk her

Herleg lydbilde, godt til helgekosen.

fredag 21. august 2009

Rockheim, det virituelle rockemuseet åpna i dag!

Den virtuelle delen av Rockheim, rockemuseet i Trondheim åpna i dag av statsminister Jens Stoltenberg - virtuelt til stades frå Oslo.
For å besøke det virtuelle rockemuseet gå her

søndag 16. august 2009

Drømmestart For Arsenal i Premier League!


Det vart ein Premier League drømmestart i går for Arsenal då dei møtte Everton på Goodison Park. Everton var bokstavleg talt "overkjørt " av eit nesten perfekt Arsenal. Resultatet vart heile 1 - 6 i favør Arsenal. Dette var serieåpninga alle "Gunners" fans håpa på. Arsenal si heimeside finn du her Referat frå kampen ,VG live her

torsdag 13. august 2009

Landslagsseier til Norge i går!

4 - 0 sigeren til Norge over Skotland i går smakte godt. Lenge mellom ein god norsk landskamp. Skottane reiste nok heim med halen mellom beina. Spørs om den skotske landslagleiaren sin jobb ryk no? Ellers må eg vel seie at Norge ikkje har noko i Vm å gjere, for dårlige til det. Det skotske laget var vel heller ikkje spesiellt gode. Men kjekt var det i alle fall for ei lita stund i går. Heia Norge!

onsdag 12. august 2009

På blåbærtur i går.

Eg og kona mi var på båbærtur i skogen i går, like ved vegen som går forbi Halbrendsstøylen. Det var store fine bær, og det var mest av dei i bakkane like ovanfor vegen. Der kunne vi hauste av desse vidunderlege, sunne og gode bære heilt aleine. Ikkje andre folk som plukka bær, nei då! Det er visst blitt heilt unorsk det å plukke bær i skogen. Folk kjøper bæra i butikken innpakka i plast, eller som pillar på apoteket eller i helsekost butikken. Tru kva kiloprisen er? Det vart 4 liter på oss 2 i går på ei lita kveldsstund, nyrørt syltetøy, noko gjekk i beger i frysen. Vi fekk i tillegg ein frisk kveldstur ute i terrenget, mykje frisk luft, og ein prat med mange kjekke folk som gjekk eller jogga langs gamlevegen. Kjekt at så mange nyttar denne fine turvegen. Men bæra derimot fekk vi ha for oss sjølv.

søndag 9. august 2009

Førde by med god ide? Eller kva skjer......

Har fjerna containerane for flasker/glas på festplassen. For det var så mykje rot og boss. Har gitt opp, vil at vi skal sortere flasker og glas for seg, men kva skjer no? Kan det tenkjast at meir glas og flasker havnar i restavfallet? Vil bykommunen at slikt kan skje. Gale at det ikkje finnast innsamlingsstad for glas og flasker i Førde by.
Ellers gjer vel kommunen så godt dei kan, fælt med alt herverk og bossing som skjer. Folk bør skjerpe seg! Skal vi leve i alt bosset?

lørdag 1. august 2009

Notodden Bluesfestival er i gang.

Notodden Bluesfestival starta opp i går. Bluesfestivalen starta med å hedre no avdøde Geir Hovig som har vore med å auke interessa for blues i Norge.
Har ein kamerat som er på bluesfestivalen no. Må seie eg misunner han litt, musikken og folkelivet.
Link til heimesida til festivalen trykk her
Notodden Bluesfestival på Facebool trykk her
Notodden Bluesfestival på Myspace trykk her

fredag 31. juli 2009

Snart Premier League start.

Har lagt inn nokre linkar til Premier League og engelsk fotball . EPL TALK + ArsenlDotCom+ThePrem - RIP Farewell Sir Bobby Robson 1933-2009. Ein av dei store profilane i engelsk fotball har gått bort etter lang tids kamp mot kreft. Mange vil nok savne denne mannen. 50 år som topp manager i engelsk fotball, slå den.
No gledar vi oss til den beste fotball ligaen i verden skal starte opp att!

fredag 10. juli 2009

Norsk Country treff 9 - 12 juli 2009

Årets Country treff på Breim er den 15 festivalen på rad. Meget godt arrangert festival. Likar du cowboy livet med klirrande sporar, cowgirls and cowboys må du sørge for å ta turen til Breim tvert. Det er sikkert mogleg å få pressa seg inn enno. Sjå heimesida til festivalen her
Fredag 10 juli
Mark Chesnutt i kveld, einaste konserten i Europa før han salar opp og dreg heim til the wild west you know.

tirsdag 30. juni 2009

Førdefestivalen 2 - 5 juli 2009, 20 års jubileum i år!


Den 20 internasjonale folkemusikkfestivalen går av stabelen i Førde frå torsdag 2 juli - søndag 5 juli. Masse interessant som skjer i Førde, folkemusikk. Gratiskonsertar i gatene og mykje meir.
Mange konsertar, folk tek til å kome allerede. Mange folk i Førde i dag sol og varmt strålande veir. Int. i meir info gå her Folkemusikkfestivalen på myspace . Førdefestivalen på origo. Førdefestivalen på facebook

lørdag 6. juni 2009

Sommarfest i Sunnfjord i dag , Dum Dum Boys, September When og mange fleire!

Sommerfest i Førde i dag. Bra vær men det er nok lurt å ha noko varmt og vindtett for kvelden.
Dum Dum Boys på internett trykk her
The September When på internett trykk her
Ida Maria på internett trykk her
Aventyr på internett trykk her
Gruppa Samora skal framføre den rykande ferske Førdesongen som dei har laga. Meir info trykk her
Les meir i Firda trykk her
Det vert trøkk i kveld , i følge Firda vert det brukt 300 000 watt , les her
Sommarfest i Sunnfjord si eiga internett side sjå her
Møt opp folkens, og ha ein trivelig kveld!

fredag 8. mai 2009

Papirball avgjorde fotballdrama

Papirball avgjorde fotballdrama. Torsdag kveld var den nemlig med på å avgjøre Uefa-cupsemifinalen mellom Werder Bremen og Hamburg. Sjå og les her.

Balejazz denne helga! 7 - 10 mai

Balejazz vert arragert denne helga, og dei har 20 års jubileum. Dei presenterar eit musikalsk program som tilbyr noko for ein kvar smak vil eg tru. Sjekk ut Programmet her!

Hugs Sommarfest i Sunnfjord laurdag 6 juni!

Hugs Sommarfest i Sunnfjord, i Førde laurdag 6 juni !
Artistar på scena DumDum Boys, Ida Maria og September When. Her vert det trøkk!
Sjå Sommarfest i Sunnfjord si heimeside
Her

mandag 27. april 2009

Mr. blues Geir Hovig er død.


Vår alles kjære blues "teacher" Geir Hovig døde i går 64 år gamal. Dette vert ein litt blå dag, men vi får glede oss over alle dei timane med "blå" radio han har gjeve oss.

Takk for alle dine gode bluesprogram Geir.

Lenke til Nrk

fredag 3. april 2009

Førde og Sunnfjord, påskeparadiset.

No er det straks påske, vi bur mitt i flott natur og med alt vi treng av moderne komfort og service. Vi kan nyte påska anten vi e på fjellet, sit heime i vår hage, eller på takterassen mitt i Førde sentrum. Vi kan ta ein tur ut til kysten dersom vi ynskjer det. Sunnfjord regionen har mykje å tilby, vi må berre lære oss å setje meir pris på det vi har her heime. Alt er ikkje så mykje betre alle andre stader. Kos dykk alle i påska, ta gjerne påska i Sunnfjord!
God Påske!

Bystien til Hafstadfjellet!

Det vert spennande no når Førde får realisert sin såkalla "bysti". Dette vert rettleg noko å glede seg til. Har gått denne vegen sjølv for mange år sidan, lenge før bilvegen til Hafstadfjellet vart bygd. Den gongen va det å styrte ei velfortjent brus på Norrøna kafe etter vi kom nedatt frå fjellet. For å lese å sjå trykk her!

fredag 30. januar 2009

Til deg som lyttar på rock


Sjekk ut det svenske bandet med navnet The Soundtrack of Our Lives. Trykk her

Bandet skal spille i Sogndal 25 februar: Trykk her TSOL skal spele på studentveka.

Har fått meg ei sone eg og!

Har fått mi eiga sone eg og, om ikkje på Origo så er eg i alle fall plassert på internettet. Det er ei stund sidan eg skreiv i min blogg. Januar er snart over og den årlege influensaen er vel på veg, vi et c vitamin og strutar tran i eit håp om å gå klar årets "sykje". Drillo har på nytt teke over som landslagssjef for Noregs fotball landslag så no må det vel gå vegen . Vi har ikkje så mykje vinter og snø men nok til at "skibomsen" får sitt, foreldre kjøyrer borna sine i kolonne til og frå ski trekk og løyper etter eit snev av snø for å kunne stå på sine ski. Det er eit nytt år og vi får nye muligheter, håpar at Førde si sør side får eit oppsving i år slik at det ikkje berre er handelshus Førde by kjem til å bestå av. Ta dykk gjerne ein tur på fredag eller laurdag for å nytte butikkar og kafear i sentrum sør. God helg godtfolk!

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography
Visit the All Southern Rock website!
Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Get Windows Media Player! Get Real Player! Get Winamp!

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

Powered By Blogger

last-fm musikk på din pc