onsdag 31. desember 2008

Kalkun til Nyttårsfesten! Linkar til oppskrifter.



Vi skal ha kalkun og steikte poteter "the Jamie way". i dag. Såg matprogram med Jamie Oliver på tvn før jul og må berre prøve hans oppskrifter på kalkun og ovnsteikte poteter.


Jamie sine oppskrifter finn du her


Bruk din pc som musikk senter, koble den til stereo anlegget i stova og festen kan starte

Musikk til nyttår festen finn du her eller her


Vil få ønske alle som er innom bloggen eit Godt Nytt År!




mandag 22. desember 2008

Kva skjer i jula? Informasjon frå Førde kommune. 2008

På Førde kommune sine sider finn du informasjon om aktivitetar i jula, opningstider mm.

Trykk her

Julaftan på Førde kyrkjetun, åpen for alle. trykk her

Pikant restaurant & bar i jula trykk her

Dei fleste utestadar i Førde pleier å ha ope 2 juledag og yrkedagar mellom jul og nyttår sjekk i papirutgåva for Firda, andre aktivitetar pleier og å vere kunngjort i Firda.

tirsdag 16. desember 2008

Dersom du er interessert i Classic Rock Christmas.

About.com har ei side som omhandlar classic rock christmas trykk her dersom du ønsker å sjekke ut litt.

mandag 15. desember 2008

Litt Julekos og brente mandlar mm.

Her er link til ei side som heiter Stille Julenatt, tips ! prøv oppskrifta på brente mandlar som ligg på sida.


Asbjørn Brekkes julekalender er gøyal og litt seriøs.


Stem fram Good Time Charlie!

Stem fram Good Time Charlie, eit av dei beste banda i norge i Luttprisen 2008.

fredag 5. desember 2008

Arle Hjelmeland i Good Time Charlie fekk vel fortjent kulturpris.

Arle Hjelmeland har fått Førde kommune sin kulturpris for 2008. Hurra, Hurra, Hurra !

Det var på høg tid at Arle Hjelmeland fekk denne prisen, 25 år som frontfigur og "motor" i Good Time Charlie. Eit band som har vore med på å sette Førde og fjordfylket på musikk kartet. Den nye cd skiva "Mojo Energy" bør ligge under mange juletre i fylket denne jula. Spring og kjøp!

Meir om denne glad hendinga på ei framifrå nrk side. Lutt - Berre lokalmusikk

onsdag 24. september 2008

Du MÅ høyre Good Time Charlie, Lyden av ein ekte seksar!


Du må berre høyre den nye Cd skiva til Good Time Charlie "Mojo Energy" dette er energisk "fet" rå rock med røfft lydbilde. Dette må berre verte ein bestselgar!
Musikken passar til rocke elskarar i alle aldrar. Gå heller ikkje glipp av dei føregåande innspelningane til Good Time Charlie som er "riktig" blues slik den skal spelast.
Gratulerer med 25 år i den gode musikkens teneste!
Good Time Charlie på internett er melllom anna dette: http://www.goodtimecharlie.no/ ,
http://www.myspace.com/gtctcb , http://www.nrk.no/musikk/1.6217402 , http://www.ba.no/puls/plateguiden/article3776695.ece , http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=529671 , http://avisa-hordaland.no/kultur/bokmusikk-omtalar/good-time-charlie-med-magisk-sjarm-og-energi/ , http://www.kulturo.no/anmeldelser/musikk/good_time_charlie_-_mojo_energy/55827 ,
Rått foto e teke av Oddleiv Apneseth

Creative Zen, kjekk liten underholdnings dings.

Var her forleden dag på Elprice å kjøpte meg ein Creative Zen mp3/medie spelar. Har lagt inn mykje musikk på den allerede. Foruten musikk kan ein legge inn bilder og video, der er og ein radio.
God skjerm for bilde og video har denne spelaren og, har og kjøpt meg ein Koss Porta Pro hodetelefon hos Mobildata. Viktig å få best mulig lyd ut.
Kan ikkje skjønne at eg ikkje har kjøpt meg ein slik duppeditt for lenge sidan.
Kjekt med denne spelaren er at den har lagring på minnekort med mulighet for å legge inn ekstra minne på opptil 32 GB.

fredag 5. september 2008

Forbanna dritvegar!

Eg e so lei alle dei dårlege vegane i Sogn og Fjordane, eg e so lei alle dei handlinglamma politikarane frå fjordafylke.
Vi har vegar so e som gamle kjerrevegar, lause steinar kjem frå fjellsidene ovanfor desse stiane som vi kallar vegar. Vegar som ikkje heng i hop, utan asfalt, kor i h.... e den gule midtstripa henne? Vegen e for smal til to vegbaner! Mesta har støypt betong kantar på nokre av veg strekningane, dei tek so stor del av vegen at der kor det var passering for møtande bilar før er dette å gløyme no. Korleis skal dette ende? Her ferdast trailarar og bussar så store som tog og vi e alle glade vi kjem heim heilskinna etter ein tur ut i desse fordømde krøtarstiene.
Lat oss få tilbake Opset´n einaste politikaren herifrå krøtarsti fylket som har utretta noko.
Og forslaget om bompenge finansiering av E - 39 e heilt bort i natta! Måtte berre ha dette ut !

torsdag 4. september 2008

Snegleplage i hagen?


Vi har ikkje vore så veldig plaga med sneglar i hagen vår i sommer, men dersom du har problem med sneglar og vil vite meir kan du gå inn på snegleportalen som er lansert av landbruks og matdepartementet med den hensikt å få ned bestanden av iberiaskogsneglen.

fredag 15. august 2008

Finn.no e greit når ein vil finne noko!

Har vore ein tur innom Finn.no ein god plass for å finne saker og ting som ein kan trenge.

Leiter etter baderomsinnredning og ymse andre saker og ting til hytta vi byggjer.

Obs! Premier League start Laurdag 16 august.


Heldigvis er ventetida over og Premier League vil gi oss mange fine fotball stunder framfor tv i tida som kjem.

Eg e Arsenal fan og du kan finne ei god norsk side.

Den offesielle Arsenal sida.


fredag 11. juli 2008

I helga e det liv i Sogn og fjordane!

Norsk Country treff på Breim: http://www.norskcountrytreff.no/
Fotball Florø med Liverpool legendar, rocke konsertar : http://www.fotballflora.no/index.html

Les og om helgas tilstelningar i regionsavisa Firda: http://www.firda.no/nyhende/kultur/article3661499.ece

onsdag 2. juli 2008

Førde Folk Music Festival 3 - 6 juli remember!


Hugs Førdefestivalen 3 - 6 juli . Den Internasjonale folkemusikk festivalen si eiga side finn du her: http://www.fordefestival.no/

Førdefestivalen på MySpace : http://www.myspace.com/fordefestival

tirsdag 1. juli 2008

Flott musikk på 181.fm

Har høyrt ein del på 181.fm i det siste, og då spesiellt på Rocke kanalen The Eagle.
Her er web adressen til 181.fm med mange kanalar og musikk sjangrar: http://www.181.fm/

Her er det mange fine idear og info for deg med Hage.

Her er det link til eit firma som lagar hagar i Canada, mykje nyttig info. + bilder, tekst er på engelsk: http://www.vividgarden.com/index.aspx

For oss som er litt usikker i oversetting av engelskspråklige ord og uttrykk. Bruk Google oversetting : http://translate.google.com/translate_t?hl=no

søndag 1. juni 2008

Hugs! Sommarfesten i Sunnfjord! Raga Rockers, Morten Abel m.m.

Hugs! Sommarfesten i Førde i Sunnfjord 6 0g 7 juni. God plass til alle, mange aktivitetar og gode konsertar. Opplev Førde du og!
Program her: http://www.sommarfest.no:81/?side=36

torsdag 29. mai 2008

Knotten er komt i hagen, jakta kan starte!


No er knotten og myggen komt i hagen, jakta kan starte.

Vi kjøpte knottfella Midg - it i fjor, den fanga mange knott i hagen og trivselsen i vår hage auka.

Dersom du er interessert i å lese om knott/myggfella, gå inn på : http://www.midgeater.no/index.htm

Her er eit bilde av ei slik felle som vi har i hagen.
Om sviknotten på Wiki : http://no.wikipedia.org/wiki/Sviknott

søndag 18. mai 2008

jazzfm.com for deg som likar å høyre på jazz!

Dersom du likar å høyre på, og halde deg orientert om det som hender på noko av jazzfronten kan du gå til denne sida http://www.jazzfm.com/default.asp:
Flott å høyre på litt cool jazz etter ei hektisk 17 mai helg?

1001 Album du må høre....


Har for litt sidan kjøpt boka 1001 Album du må høre før du dør. Oppslagsboka inneheld eit utvalg av dei siste femti års beste og mest betydningsfulle album (iflg.forfattarane) - frå 1950 talets rock and roll til 2000 talets teknologiske nyvinninger. Interessant bok dog utan noko særleg mange norske album. Men, for all del ei hendig oppslagsbok for alle som er interessert i musikk.
Dersom du i tilegg er interessert i å høyre på musikken som er omtala i denne oppslagsboka, bruk denne linken : http://www.radio3net.ro/1001/?cx=home

fredag 9. mai 2008

Ta ein tur på hagesentrene i Førde no!

Hagesentra i Førde har godt utvalg av plantar akkurat no, noko for ein kvar smak og gode råd får ein med på kjøpet.
Eg vil spesiellt framheve dei små hagesentra med sin gode kunnskap og sine gode råd, eg vil då nevne Falkenstein hagesenter på Øyrane og Hagemiljø ved Domus. Obs! prisen er ofte like låg hos desse som hos dei store.
Sjekk ut kva dei har, spør om råd, det dei ikkje har på lager av plantar skaffar dei deg.
Kjekt berre å ta turen innom for å sjå.
Utsalget på Mo jordbruksskule pleier og å vere verdt eit besøk.

No e det kjekt å bu i Førde! Tidleg vår.

Flott ver, sol og høg ute temperatur, opp i rundt 20 grader, kjekt å vere i hagen å rydde etter vinteren.
Det e tidleg enno so ein held litt igjen når det gjeld nyplanting, men i går måtte vi slå graset i hagen, det er vel bortimot rekord.
Beskjering er vi ferdig med, bortsett frå litt på roser.
I dag må eg legge opp litt ved som eg har kappa, kjekt arbeid tykkjer eg, etterpå må eg fjerne litt ugras hist og pist.
Huset bør vel og få seg ein utvendig vask ein av dei næraste dagane.
Men ein må setje av litt tid til berre å nyte det herlege vår veret vi har fått.
Eg ønskar meg slett ikkje til syden når vi har det slik som no.
Vi var så heldig å verte invitert til Disney forestilling på Halbrend skule i går. Vår yngste dotter går der i fjerde klasse.
Forestillinga var berre heilt fantastisk, det er utruleg kva elevar og lærerar får til, det var eit artig foreldre innslag og.
Ha ei god helg alle saman.

lørdag 19. april 2008

Brann tap mot Stabekk, aprilsnarr?

Trur nesten ikkje det er sant, Brann tap for Stabekk på Stabekk si heimebane heile 3 - 0 tap.
Vi må berre sjå fram imot neste kamp. Dette må vel betegnast som ei "arbeidulykke".
Huff og huff!

Arsenal ledar fortjent over Reading

Arsenal har bortimot "overkjøyrt" Reading i denne heime kampen på Emirates. Adebayor og Gilberto har scora måla som er komt hittil i kampen. Det e vel drøyt 15 minutt kvar av kampen. Arsenal skulle hatt fleire kapmpar av dette slaget. Skal seiast då at Reading er temmleg dårleg på bortebane.http://www.newsnow.co.uk/h/Sport/Football/Premier+League/Arsenal
I pausen på Canal + sport 1 hadde dei føre seg korleis ein kan verte medeigar i ein engelsk klubb, Ebbsfleet United
Dersom du er interessert kan gå inn på følgende link: http://www.myfootballclub.co.uk/index
Norsk Ebbsfleet side: http://www.myfcnorge.net/

lørdag 12. april 2008

Start i den lokale 3 divisjonen Sogn og Fjordane - Firdaligaen

Følg med i den lokale 3 divisjons fotballen - Firdaligaen, bruk denne linken:
http://www.firda.no/fotball/live/

mandag 7. april 2008

Goldmine Record Collector`s marketplace + Goldmine Radio


Gå inn på Goldmine radio via denne linken: http://www.goldmineradio.com/
Gå inn på Goldmine Record Collector`s magsine via denne linken: http://www.goldminemag.com/Default.aspx?tabid=825
Veldig interessant side for musikk interesserte + musikk samlere + veldig god radio, anbefalast!

søndag 6. april 2008

Sørstats rock med meir.


Sjekk ut linkane til Sørstatsrock, prog. rock, blues, country, rocke magasiner, oppslagsverk, korleis få tak i vinyl.

Du vil og finne linkar til kanalar der du kan overføre musikk til din pc, deretter kan du overføre lyden frå din pc direkte til ditt stereo/hi-fi anlegg.

Set deg så godt tilbake i stresslessen og nyt musikken samstundes som du kan lese om dine favoritt artistar på pc skjermen.


lørdag 5. april 2008

Storkamp i Premier league i dag .

Arsenal mot Liverpool vert vel eit fyrverkeri av ein kamp lik den vi hadde no i veka, den enda 1 -1 . Ikkje eit ønska resultat etter mitt hovud, men allikevel.
Desse laga står godt til kvarandre, minuset er vel det at dei kjenner kvarandre for godt til at det vert noko mål orgie.
Trur det vert mykje fin fotball likevel.
Seinare i dag går kampen Aalesund - Brann det vert nok ein spennande kamp, heia Brann.
Det er godt at folk i Aalesund kan få noko anna å tenke på no etter tragedien med den sammenrasa bustadblokka der 5 menneske mista livet, i slike høver kan fotballen vere med på løyse opp og folk kan få noko anna å tenkje på for ei stund.
Begge desse kampane vert sendt på tv. Sjå Tv info til høgre i bloggen.

Ha ein fin laurdag og ei rettleg god helg.

torsdag 3. april 2008

Amerikansk musikk for deg som likar det.


Gå inn på denne http://allsouthernrock.com alle som likar Sørstatsmusikk, countryrock og country and western.
Litt av kvart innan amerikansk musikk for ein kvar smak vil eg tru.
Nyt det fine været medan vi enno har det, dårlegare vær i vente for Sogn og fjordane.
Ha ein god dag alle saman!

lørdag 29. mars 2008

Fotball på tv i helga.





Arsenal har slete ein del i det siste, håper vi som likar gunners får sjå ein god kamp i dag, vi skal møte Bolton kl 16:00. Det bør sjølvsagt verte siger.


Ellers ser eg fram til seriestarten i Norsk topp fotball i dag. Brann tek vel sigeren på heimebane mot FFK søndag kl 20:00






Obs! både Arsenal og Brann sin kamp vert sendt på tv. (sjå tv info til høgre på bloggen.)

lørdag 15. mars 2008

Laurdag og snart påske,Arsenal på tv og fint ver.

No er det laurdag, det har vore ein fin dag her i Førde med sol og påskestemning, mykje folk i sentrum.
Ventar berre på kampstart på Emirates, kl 18.15, Arsenal skal møte Middlesbrough det bør verte lett match.
Kampen kan sjåast på Canal+sp.1
Ha ei god helg alle saman anten du er på fjellet eller oppheld deg i låglandet.

fredag 14. mars 2008

Sørstatsrock kan anbefalast.

Sørstatsrock kan du spele av på din eigen pc frå denne sida, den er kjempegod. http://allsouthernrock.com/

søndag 9. mars 2008

Fotball

Eg likar godt å sjå ein god fotball kamp. Mine favoritt lag er Arsenal i Premier League. Brann i tippeligaen og sjølvsagt Førde IL i den heimlege 3 divisjonen.
Om ca. 10 minutters tid vert det å plassere seg i godstolen for å sjå Wigan - Arsenal direkte frå JJB Stadium.

Musikk direkte på din pc.

På min blogg ligg det no nokre gode linkar til musikk som du kan høyre på via din pc.
last-fm: alle slags musikk sjangarar, fin måte å lære å kjenne ny musikk, du kan få nye vener mm.
Asr: All Southern Rock bli kjend med god sørstatsrock du og.
Planet Rock: Engelsk stasjon, mykje god rock og blues, mykje informasjon.

Musikk

Eg er nærast alltetande når det gjeld musikk, men det vert mest rock i ymse former eg lyttar til.
Vil skrive ein del om musikken eg likar her i bloggen.

Hei! Og velkommen til mi eiga leikegrind.

Her vert det plass til litt fornuft får eg håpe. Men det vert nok ein del tylskap og.
Det vert mykje rart som kjem til å verte omtala her i bloggen.
Men heimstaden min, den vesle byen Førde i Sunnfjord vil nok få ein del plass her trass i sine påtakelege vaksesmerter.
Eg er blitt glad i Førde og områda kring Førde og eg håpar eg kan belyse ein del positive sider ved denne travle staden. Tek nok opp og pirkar i det negative og.
Vi har eit oppegåande og veksande næringsliv, håpar næringslivet kan verte litt meir variert enn det no er.
Vi har fin natur og vi har ein frodig kultur.
Ta gjerne turen til Førde du og, sjå kva denne staden har og tilby.
Synest heile Sogn og fjordane bør få fleire innbyggjarar og mange fleire besøkjande og.

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography
Visit the All Southern Rock website!
Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Get Windows Media Player! Get Real Player! Get Winamp!

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

Powered By Blogger

last-fm musikk på din pc

Bloggarkiv