fredag 21. august 2009

Rockheim, det virituelle rockemuseet åpna i dag!

Den virtuelle delen av Rockheim, rockemuseet i Trondheim åpna i dag av statsminister Jens Stoltenberg - virtuelt til stades frå Oslo.
For å besøke det virtuelle rockemuseet gå her

søndag 16. august 2009

Drømmestart For Arsenal i Premier League!


Det vart ein Premier League drømmestart i går for Arsenal då dei møtte Everton på Goodison Park. Everton var bokstavleg talt "overkjørt " av eit nesten perfekt Arsenal. Resultatet vart heile 1 - 6 i favør Arsenal. Dette var serieåpninga alle "Gunners" fans håpa på. Arsenal si heimeside finn du her Referat frå kampen ,VG live her

torsdag 13. august 2009

Landslagsseier til Norge i går!

4 - 0 sigeren til Norge over Skotland i går smakte godt. Lenge mellom ein god norsk landskamp. Skottane reiste nok heim med halen mellom beina. Spørs om den skotske landslagleiaren sin jobb ryk no? Ellers må eg vel seie at Norge ikkje har noko i Vm å gjere, for dårlige til det. Det skotske laget var vel heller ikkje spesiellt gode. Men kjekt var det i alle fall for ei lita stund i går. Heia Norge!

onsdag 12. august 2009

På blåbærtur i går.

Eg og kona mi var på båbærtur i skogen i går, like ved vegen som går forbi Halbrendsstøylen. Det var store fine bær, og det var mest av dei i bakkane like ovanfor vegen. Der kunne vi hauste av desse vidunderlege, sunne og gode bære heilt aleine. Ikkje andre folk som plukka bær, nei då! Det er visst blitt heilt unorsk det å plukke bær i skogen. Folk kjøper bæra i butikken innpakka i plast, eller som pillar på apoteket eller i helsekost butikken. Tru kva kiloprisen er? Det vart 4 liter på oss 2 i går på ei lita kveldsstund, nyrørt syltetøy, noko gjekk i beger i frysen. Vi fekk i tillegg ein frisk kveldstur ute i terrenget, mykje frisk luft, og ein prat med mange kjekke folk som gjekk eller jogga langs gamlevegen. Kjekt at så mange nyttar denne fine turvegen. Men bæra derimot fekk vi ha for oss sjølv.

søndag 9. august 2009

Førde by med god ide? Eller kva skjer......

Har fjerna containerane for flasker/glas på festplassen. For det var så mykje rot og boss. Har gitt opp, vil at vi skal sortere flasker og glas for seg, men kva skjer no? Kan det tenkjast at meir glas og flasker havnar i restavfallet? Vil bykommunen at slikt kan skje. Gale at det ikkje finnast innsamlingsstad for glas og flasker i Førde by.
Ellers gjer vel kommunen så godt dei kan, fælt med alt herverk og bossing som skjer. Folk bør skjerpe seg! Skal vi leve i alt bosset?

lørdag 1. august 2009

Notodden Bluesfestival er i gang.

Notodden Bluesfestival starta opp i går. Bluesfestivalen starta med å hedre no avdøde Geir Hovig som har vore med å auke interessa for blues i Norge.
Har ein kamerat som er på bluesfestivalen no. Må seie eg misunner han litt, musikken og folkelivet.
Link til heimesida til festivalen trykk her
Notodden Bluesfestival på Facebool trykk her
Notodden Bluesfestival på Myspace trykk her

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography
Visit the All Southern Rock website!
Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Get Windows Media Player! Get Real Player! Get Winamp!

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

Powered By Blogger

last-fm musikk på din pc