onsdag 12. august 2009

På blåbærtur i går.

Eg og kona mi var på båbærtur i skogen i går, like ved vegen som går forbi Halbrendsstøylen. Det var store fine bær, og det var mest av dei i bakkane like ovanfor vegen. Der kunne vi hauste av desse vidunderlege, sunne og gode bære heilt aleine. Ikkje andre folk som plukka bær, nei då! Det er visst blitt heilt unorsk det å plukke bær i skogen. Folk kjøper bæra i butikken innpakka i plast, eller som pillar på apoteket eller i helsekost butikken. Tru kva kiloprisen er? Det vart 4 liter på oss 2 i går på ei lita kveldsstund, nyrørt syltetøy, noko gjekk i beger i frysen. Vi fekk i tillegg ein frisk kveldstur ute i terrenget, mykje frisk luft, og ein prat med mange kjekke folk som gjekk eller jogga langs gamlevegen. Kjekt at så mange nyttar denne fine turvegen. Men bæra derimot fekk vi ha for oss sjølv.

Ingen kommentarer:

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography
Visit the All Southern Rock website!
Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Get Windows Media Player! Get Real Player! Get Winamp!

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

Powered By Blogger

last-fm musikk på din pc