Viser innlegg med etiketten fotball. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fotball. Vis alle innlegg

søndag 27. desember 2009

Vi har hatt kvit jul i Sunnfjord, Hurra!

Vi har hatt kvit jul i sunnfjord, og nå 3 dags jul snør det som berre det. Natt til i dag er komt ca. 10 cm snø.
Gler meg no til fotball frå england, i dag Arsenal på heimebane mot Aston Villa, trur på på siger, Arsenal er i form og vi har fordel av heimebane.

søndag 16. august 2009

Drømmestart For Arsenal i Premier League!


Det vart ein Premier League drømmestart i går for Arsenal då dei møtte Everton på Goodison Park. Everton var bokstavleg talt "overkjørt " av eit nesten perfekt Arsenal. Resultatet vart heile 1 - 6 i favør Arsenal. Dette var serieåpninga alle "Gunners" fans håpa på. Arsenal si heimeside finn du her Referat frå kampen ,VG live her

torsdag 13. august 2009

Landslagsseier til Norge i går!

4 - 0 sigeren til Norge over Skotland i går smakte godt. Lenge mellom ein god norsk landskamp. Skottane reiste nok heim med halen mellom beina. Spørs om den skotske landslagleiaren sin jobb ryk no? Ellers må eg vel seie at Norge ikkje har noko i Vm å gjere, for dårlige til det. Det skotske laget var vel heller ikkje spesiellt gode. Men kjekt var det i alle fall for ei lita stund i går. Heia Norge!

fredag 31. juli 2009

Snart Premier League start.

Har lagt inn nokre linkar til Premier League og engelsk fotball . EPL TALK + ArsenlDotCom+ThePrem - RIP Farewell Sir Bobby Robson 1933-2009. Ein av dei store profilane i engelsk fotball har gått bort etter lang tids kamp mot kreft. Mange vil nok savne denne mannen. 50 år som topp manager i engelsk fotball, slå den.
No gledar vi oss til den beste fotball ligaen i verden skal starte opp att!

fredag 8. mai 2009

Papirball avgjorde fotballdrama

Papirball avgjorde fotballdrama. Torsdag kveld var den nemlig med på å avgjøre Uefa-cupsemifinalen mellom Werder Bremen og Hamburg. Sjå og les her.

fredag 15. august 2008

Obs! Premier League start Laurdag 16 august.


Heldigvis er ventetida over og Premier League vil gi oss mange fine fotball stunder framfor tv i tida som kjem.

Eg e Arsenal fan og du kan finne ei god norsk side.

Den offesielle Arsenal sida.


fredag 11. juli 2008

I helga e det liv i Sogn og fjordane!

Norsk Country treff på Breim: http://www.norskcountrytreff.no/
Fotball Florø med Liverpool legendar, rocke konsertar : http://www.fotballflora.no/index.html

Les og om helgas tilstelningar i regionsavisa Firda: http://www.firda.no/nyhende/kultur/article3661499.ece

lørdag 19. april 2008

Brann tap mot Stabekk, aprilsnarr?

Trur nesten ikkje det er sant, Brann tap for Stabekk på Stabekk si heimebane heile 3 - 0 tap.
Vi må berre sjå fram imot neste kamp. Dette må vel betegnast som ei "arbeidulykke".
Huff og huff!

Arsenal ledar fortjent over Reading

Arsenal har bortimot "overkjøyrt" Reading i denne heime kampen på Emirates. Adebayor og Gilberto har scora måla som er komt hittil i kampen. Det e vel drøyt 15 minutt kvar av kampen. Arsenal skulle hatt fleire kapmpar av dette slaget. Skal seiast då at Reading er temmleg dårleg på bortebane.http://www.newsnow.co.uk/h/Sport/Football/Premier+League/Arsenal
I pausen på Canal + sport 1 hadde dei føre seg korleis ein kan verte medeigar i ein engelsk klubb, Ebbsfleet United
Dersom du er interessert kan gå inn på følgende link: http://www.myfootballclub.co.uk/index
Norsk Ebbsfleet side: http://www.myfcnorge.net/

lørdag 12. april 2008

Start i den lokale 3 divisjonen Sogn og Fjordane - Firdaligaen

Følg med i den lokale 3 divisjons fotballen - Firdaligaen, bruk denne linken:
http://www.firda.no/fotball/live/

lørdag 5. april 2008

Storkamp i Premier league i dag .

Arsenal mot Liverpool vert vel eit fyrverkeri av ein kamp lik den vi hadde no i veka, den enda 1 -1 . Ikkje eit ønska resultat etter mitt hovud, men allikevel.
Desse laga står godt til kvarandre, minuset er vel det at dei kjenner kvarandre for godt til at det vert noko mål orgie.
Trur det vert mykje fin fotball likevel.
Seinare i dag går kampen Aalesund - Brann det vert nok ein spennande kamp, heia Brann.
Det er godt at folk i Aalesund kan få noko anna å tenke på no etter tragedien med den sammenrasa bustadblokka der 5 menneske mista livet, i slike høver kan fotballen vere med på løyse opp og folk kan få noko anna å tenkje på for ei stund.
Begge desse kampane vert sendt på tv. Sjå Tv info til høgre i bloggen.

Ha ein fin laurdag og ei rettleg god helg.

søndag 9. mars 2008

Fotball

Eg likar godt å sjå ein god fotball kamp. Mine favoritt lag er Arsenal i Premier League. Brann i tippeligaen og sjølvsagt Førde IL i den heimlege 3 divisjonen.
Om ca. 10 minutters tid vert det å plassere seg i godstolen for å sjå Wigan - Arsenal direkte frå JJB Stadium.

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography
Visit the All Southern Rock website!
Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Get Windows Media Player! Get Real Player! Get Winamp!

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

Powered By Blogger

last-fm musikk på din pc