torsdag 22. oktober 2009

Little Feat, eit av mine favorittband gjennom mange år!


Vil slå eit slag for det amerikanske rockebandet Little Feat, eit av mine absolutte favoritt band gjennom alle år.


Har sett dei Live eit par gongar i norge, første gong på jazzfestivalen i Molde og andre gong Rockefeller i Oslo. Ei flott musikk oppleving begge gongar. Dei spelar ei "salig blanding" av mange retningar innan musikk. BØR HØYRAST!






Håpar desse linkane kan vere til nytte dersom dere vil lære dette fantastiske bandet betre å kjenne. God fornøyelse!

fredag 18. september 2009

Hugs mimrekonsert med Smokie i helga i Førde!


Hugs "mimrekonserten" med smokie i helga på Rica Sunnfjord Hotell. Konsert fredag og laurdag. Veit at konserten på laurdag er utseld. Kansje det er nokre bilettar igjen til konserten no i kveld, løp å kjøp. Esensiell musikk mimring for oss "yngre vaksne"

Smokie på wiki, trykk her, "festmusikk" på lokalet då vi var unge.

Smokie på youtube, her

Smokie fanclub finn du her

Last ned GRATIS!

Last ned pogopops siste album gratis! Det er heilt sant! HER !

Last ned det siste pop albumet til pogopops i dag Gratis, men du kan få mykje meir god kvalitets pop dersom du velger å betale nokre få kroner ekstra. Albumet heiter WHERE THE ACTION IS
Om pogopops på wiki trykk her
pogopops på Myspace, trykk her
pogopops på Facebook, trykk her

Herleg lydbilde, godt til helgekosen.

fredag 21. august 2009

Rockheim, det virituelle rockemuseet åpna i dag!

Den virtuelle delen av Rockheim, rockemuseet i Trondheim åpna i dag av statsminister Jens Stoltenberg - virtuelt til stades frå Oslo.
For å besøke det virtuelle rockemuseet gå her

søndag 16. august 2009

Drømmestart For Arsenal i Premier League!


Det vart ein Premier League drømmestart i går for Arsenal då dei møtte Everton på Goodison Park. Everton var bokstavleg talt "overkjørt " av eit nesten perfekt Arsenal. Resultatet vart heile 1 - 6 i favør Arsenal. Dette var serieåpninga alle "Gunners" fans håpa på. Arsenal si heimeside finn du her Referat frå kampen ,VG live her

torsdag 13. august 2009

Landslagsseier til Norge i går!

4 - 0 sigeren til Norge over Skotland i går smakte godt. Lenge mellom ein god norsk landskamp. Skottane reiste nok heim med halen mellom beina. Spørs om den skotske landslagleiaren sin jobb ryk no? Ellers må eg vel seie at Norge ikkje har noko i Vm å gjere, for dårlige til det. Det skotske laget var vel heller ikkje spesiellt gode. Men kjekt var det i alle fall for ei lita stund i går. Heia Norge!

onsdag 12. august 2009

På blåbærtur i går.

Eg og kona mi var på båbærtur i skogen i går, like ved vegen som går forbi Halbrendsstøylen. Det var store fine bær, og det var mest av dei i bakkane like ovanfor vegen. Der kunne vi hauste av desse vidunderlege, sunne og gode bære heilt aleine. Ikkje andre folk som plukka bær, nei då! Det er visst blitt heilt unorsk det å plukke bær i skogen. Folk kjøper bæra i butikken innpakka i plast, eller som pillar på apoteket eller i helsekost butikken. Tru kva kiloprisen er? Det vart 4 liter på oss 2 i går på ei lita kveldsstund, nyrørt syltetøy, noko gjekk i beger i frysen. Vi fekk i tillegg ein frisk kveldstur ute i terrenget, mykje frisk luft, og ein prat med mange kjekke folk som gjekk eller jogga langs gamlevegen. Kjekt at så mange nyttar denne fine turvegen. Men bæra derimot fekk vi ha for oss sjølv.

Ledig kapasitet på din bilvaskehall?

Vektbegrensingar på motorsykkel, eit aktuellt tema.....

Tøff side for deg som elskar tog.

Click here to visit RailPictures.Net!

Progrock

Progressive Rock Music Ultimate Discography
Visit the All Southern Rock website!
Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Listen To Broadband Stream Listen to the Dial-Up Stream Get Windows Media Player! Get Real Player! Get Winamp!

Teljar

Powered by counter.bloke.com

Vil du høyre på musikk?

Powered By Blogger

last-fm musikk på din pc